NM-Ungdom 2023

Postet av Førde IL - Symjing den 23. Okt 2023

Førde IL Symjing hadde fire gutter kvalifisert til NM-Ungdom i Sandnes. Det endte med fleire klubbrekordar og masse god erfaring.

fv: William Wergeland, Armandas Belaglovis, Mathias Holme, Even Bjørkhaug.

På 4x200 fri stafetten, så slo guttane den 10 år gamle klubb rekorden og kom inn på tida 8:32:26. Det var ein flott tid, men dei har nok enda meir inne, tatt i betraktning at Mathias Holme nett hadde fullført ein sterk 200 butterfly rett før.

Foto: Aglen foto

På den nevnte 200 butterflyen, så knuser Mathias (bildet over) klubbrekorden med ca 10 sekunder og kommer innpå sterke 2:16:80. Han er berre tre skund unna kretsrekorden fra 2008, og han vart kvalifisert til finalen. I finalen svømmer han opp eit lite sekund, og får ein sterk sjuande plass i NM. Tida er ein av dei sterkaste butterfly prestasjonane i Sogn og Fjordane sin symjehistorie, og det seie litt når ein veit kva slags symjarar som har vore i vatnet dei forrige ti åra.

Foto: Aglen foto

Even Bjørkhaug (bildet over) leverer ein flott 1500m og kjem inn på 18:04:68 som er rett bak pers. Det holder til ein 19 plass. Armandas Belaglovis (i vatnet på bildet under) syme 100 rygg på 1:04:21 som blir ein 18 plass, men på stafetten 4x100 lag medley, så syme han inn på 1:04:00 som da er hans nye pers. 

William Wergeland (i stup på bildet under) syme 200 fri og kjem inn på 2:03:82 som gir han ein 17 plass. William fekk ein skade rett før NM og var lenge usikker på deltaking. Han hadde fleire krav, men valgte å fokusere på denne øvelsen og stafettene. 

Foto: Aglen foto

Alle gutane jobber med å lære seg ein del nye teknikkar og ser frem i horisonten etter enda større mål. Trenar Håvard Hjelle Melle er svert fornøgd med utviklingen sålangt, og kjem heim fra Sandnes med mange gode opplevingar og notatar i trenar loggen.  


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.