Sølv til beach polo laget på Heia Open 2023

Postet av Førde IL - Symjing den 19. Jun 2023

Det vart sølv til Førde IL Symjing sine beach polo spelarar no i helga då dei var ein tur på austlandet og spelte turnering. I 2022 tok dei bronse i NM, no var det ikkje NM, men motstandarane var mykje dei same. Førde tok steget opp på sølvplass, etter å ha vunnet gruppespillet. Det vart 3 seirer og ein uavgjort i gruppespillet. Laget dei spelte uavgjort mot i gruppespillet, var det laget dei møtte i finalen. 

Laget til Førde har fått mange flotte tilbakemeldinger fra andre lag, og spelarane våre har kosa seg masse i sola og i det varme Heia vatnet på Sørumsand. Det har vore heilt tydelig at spelarane våre har heva seg mange hakk fra i fjord. 

I tilleg, så deltok Førde på NM Mix Open vater stafett. Der vert dei ein meget flott fjerdeplass, rett bak bronsen. Det var Vilma Guldhav (400m) på første etappe, Eirik Snilstveit på andre, Petrikke Monsen på tredje og Ludvik Guldhav på fjerde. (500m på kvar av dei 3 siste etappene)

Laget bestod av dei to landslags spelarane våre Eirik Snilstveit og Petrikke Monsen, og Edvard Aamot, Ludvik Guldhav og Vilma Guldhav gjorde lage komplett. 


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.